Fusa Kraftlag har vedteke å dela ut stipend til ungdom heimehøyrande i Fusa Kommune, og som har utmerka seg på eit høgt nivå innan idrett og kultur. Søknaden må sendast til styret i Fusa Kraftlag. Søknadsfrist er 20.09.2010
Regjeringa har bestemt at det frå 1/1-2012 skal innførast elsertifikat i den norske kraftmarknaden. Hensikten med å innføra ordninga, er å gjera det meir lønnsomt å byggja ut ny, fornybar kraft, ved at nye kraftanlegg får selja sertifikat som kan gje ei høgare inntekt på den nye produksjonen. Kraftdistributørane blir samtidig pålagt å kjøpa slike sertifikat for sin leveranse til sluttbrukarane. Kostnaden som distributøren har til å kjøpa inn elsertifikat, skal takast inn igjen hos sluttbrukaren. Kostnaden med elsertifikat blir derfor ein del av kraftprisen frå 1/1-2012.