Framsida

Nettkundane får tildelt 3,7 mill. kroner i tariffstøtte for 2012

Fusa Kraftlag har motteke varsel frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), om at nettkundane i vårt forsyningsområde fyller krava  til å motta tariffstøtte i 2012.
 

Føremålet med tariffstøtta frå Staten er å redusera nettariffane til nettkundane som er  tilknytt distribusjonsnettet i område av landet med høge kostnader ved distribusjon av elektrisk kraft. Midlar til ordninga vert gjeve over statsbudsjettet. I 2012 har Regjeringa samla  løyvt  120 mill. kr i tariffstøtte.

 

NVE har meldt  om at nettkundane i vårt område får tildelt 3,7 mill. kroner i tariffstøtte i 2012. Tariffstøtta skal uavkorta komma nettkundane til gode,  og har medført at vår nettleige for 2012 i gjennomsnitt er 4,8 øre/kWh lavare enn kva  den ville vore utan tariffstøtta. I 2012 set Fusa Kraftlag ned nettariffen for hushaldningar med 2,5øre/kWh. Dette kjem  i tillegg til prisnedsettinga i 2011 som var 3 øre/kWh. Samla utgjer dette ein reduksjon på ca. 18% ex. avgifter. På årsbasis utgjer dette ein reduksjon i utgiftene for ein hushaldning på 1.375 kroner (inkl. avgifter).

 

Viser ellers  til NVE si  heimeside, for meir informasjon om saka. (http://www.nve.nokraftmarked/regulering-av-nettselskapene/tariffutjevning/)     

 

Spørsmål om saka kan også rettast  til Fusa Kraftlag SA på telefon 56580020 eller e-post firmapost@fusa-kraftlag.no

 
 
 
 
  Tilbake

 
Aktuelt
29.12.2011
Innføring av elsertifikat i Norge
Regjeringa har bestemt at det frå 1/1-2012 skal  innførast elsertifikat i den norske kraftmarknaden.
Hensikten med å innføra ordninga, er å gjera det meir lønnsomt å byggja ut ny, fornybar kraft, ved at nye kraftanlegg får selja sertifikat som kan gje ei høgare inntekt på den nye produksjonen. Kraftdistributørane blir samtidig pålagt å kjøpa slike sertifikat for sin leveranse  til sluttbrukarane. Kostnaden som distributøren har til å kjøpa inn elsertifikat,  skal takast  inn igjen hos sluttbrukaren. Kostnaden med elsertifikat blir derfor ein del av kraftprisen frå 1/1-2012.
Linkar
Fusa-kraftlag - Stallabrotvegen 119 - 5640  Eikelandsosen  Telefon: 56 58 00 20  Faks: 56 58 00 21
Dynamiske websider: iDrift AS   Design: Ibox AS