Framsida

Innføring av elsertifikat i Norge

Regjeringa har bestemt at det frå 1/1-2012 skal  innførast elsertifikat i den norske kraftmarknaden.
Hensikten med å innføra ordninga, er å gjera det meir lønnsomt å byggja ut ny, fornybar kraft, ved at nye kraftanlegg får selja sertifikat som kan gje ei høgare inntekt på den nye produksjonen. Kraftdistributørane blir samtidig pålagt å kjøpa slike sertifikat for sin leveranse  til sluttbrukarane. Kostnaden som distributøren har til å kjøpa inn elsertifikat,  skal takast  inn igjen hos sluttbrukaren. Kostnaden med elsertifikat blir derfor ein del av kraftprisen frå 1/1-2012.
 
Klikk på bilete for full storleik

For 2012 er det bestemt at distributørane må kjøpa inn elsertfikat tilsvarande 3% av den kraftmengda dei  omset. Med dei prisane som er på elsertifikat i dag, betyr det at kostnaden for deg som forbrukar i 2012 vil bli under 1 øre pr. kWh du brukar. Det betyr under 200 kroner på årsbasis for ein husholdning.

Etter kvart som ny fornybar kraft vert bygd ut, vil styresmaktene auka kravet til kor mange sertifikat   distributørane må kjøpa,  dette vil sei at  di rekning for elsertifikat vil auka . På den andre  sida, vil auka kraftproduksjon kunna gje lavare kraftprisar. Styresmaktene vurdere det slik at  lavare kraftpris vil  jamna ut  sertifikatkostnaden til forbrukarane,  og at den samla  energirekninga derfor skal bli lavare.

For meir informasjon om saka, sjå  Norges Vassdrags og Energidirektorats heimeside, http://www.nve.no/elsertifikater

 
 
 
  Tilbake

 
Aktuelt
29.12.2011
Innføring av elsertifikat i Norge
Regjeringa har bestemt at det frå 1/1-2012 skal  innførast elsertifikat i den norske kraftmarknaden.
Hensikten med å innføra ordninga, er å gjera det meir lønnsomt å byggja ut ny, fornybar kraft, ved at nye kraftanlegg får selja sertifikat som kan gje ei høgare inntekt på den nye produksjonen. Kraftdistributørane blir samtidig pålagt å kjøpa slike sertifikat for sin leveranse  til sluttbrukarane. Kostnaden som distributøren har til å kjøpa inn elsertifikat,  skal takast  inn igjen hos sluttbrukaren. Kostnaden med elsertifikat blir derfor ein del av kraftprisen frå 1/1-2012.
Linkar
Fusa-kraftlag - Stallabrotvegen 119 - 5640  Eikelandsosen  Telefon: 56 58 00 20  Faks: 56 58 00 21
Dynamiske websider: iDrift AS   Design: Ibox AS