Bilde_Framside

Litt om Fusa Kraftlag SA

Fusa Kraftlag vart skipa som eit partslag 23. mars 1946 under namnet Strandvik, Fusa & Hålandsdalen Kraftlag, for å skaffa straum til folk og næringliv i dei dåverande kommunane i distriktet. Då kommunane gjekk saman i 1964, fekk laget namnet Fusa Kraftlag P/L.

Parteigarane i Fusa Kraftlag P/L vedtok i april 2010 å endra selskapsform frå partslag til eit almennyttig samvirkeføretak. Laget har alltid vore eit samvirke, men selskapsform og vedtekter er no tilpassa den nye samvirkelova. Det offisielle namnet er Fusa Kraftlag SA.

Laget med sine 22 tilsette, har sitt administrasjons- og lagerbygg på Stallabrotet i Eikelandsosen.

Kart