Bli medlem i Kraftlaget, det løner seg!

Fusa Kraftlag er organisert som eit samvirke (SA). Ei førsetnad for eit slikt selskap er at det er handel mellom medlemet og laget. Alle personar som er fastbuande, eller organisasjonar med forretningsadresse i Fusa Kraftlag sitt forsyningsområde, og som kjøper varer eller tenester frå laget, kan vera medlem.
Som medlem i samvirket får du rett til å ta del i styringa av selskapet og du får rett til kjøpeutbytte i høve til din handel med laget.

Bli medlem i Kraftlaget, det løner seg!

 

Korleis bli medlem?

Dei som var parteigarar etter dei gamle vedtektene er gått over til å vera medlemer i laget og treng ikkje å melda seg inn på nytt. Men nye nettkundar som kjem til, og som stettar krava til medlemsskap, må søkja om å bli medlem. ved innmelding skal det betalast eit medlemsinnskot på kr. 200,- som vert tilbakebetalt ved evt. utmelding.

Ønskjer du å bli medlem, send inn søknadsskjema.

Ønskjer du å få vita meir om reglar for medlemskap, og dei rettar og plikter som følgjer med, finn du dette i selskapet sine vedtekter.

- eller du kan finna lova som er grunnlaget for våre vedtekter: Samvirkelova