Samfunnsutvikling

Fusa Kraftlag si primæroppgåve er å levera straum til næring og private kundar i Fusa kommune. Stabile leveransar til rett pris ligg øvst på prioriteringslista. Vi har difor fornya og forsterka straumnettet monaleg dei seinare år.

Vi har også sett kor viktig god datakommunikasjon er for at næringlivet skal vera konkurransedyktig, og at det skal vera attraktivt å bu i Fusa kommune. Vi har difor gjort store investeringar for å kunne tilby effektive breibandstenester i heile kommunen.

Solid økonomi opparbeidd gjennom eigarskap i Sunnhordland Kraftlag AS og forvaltning av pengane Fusa Kraftlag SA mottok ved salg av SKL-aksjane, har sett oss istand til å ta ein nøkkelrolle i utviklinga av Fusasamfunnet også på andre område.

Det er brei oppslutnad på kraftlaget sine årsmøter om at Fusa Kraftlag SA skal nytta deler av avkastinga frå kapitalfondet til allmennyttige tiltak til beste for innbyggjarene i Fusa kommune. Ramma for denne delen av verksemda vert lagt fram på laget sine årsmøter, der det er høve for laget sine medlemmer å påverka satsinga på allmennyttige tiltak.

Fusa Kraftlag SA si støtte til allmennyttige føremål kan inndelast i følgjande hovepunkt:

  • Direkte tilskot til lag, organisasjonar, toppidrettsutøvarar m.v.
  • Tilskot til og forskottering av kommunale og sentrale løyvingar til idrettsanlegg.
  • Forstottering av midlar til vegbygging - riks- og fylkesvegar.
  • Hjelp til næringsliv og bustadbygging gjennom eigarskap i Fusa Utviklingsselskap, utdeling av såkornmidlar m.v.

 

Kapitalfondet - grunnlaget for å delta i samfunnsutviklinga

Fondet vart oppretta etter salget av SKL-aksjane i 1996. Grunnkapitalen var ved starten 71 mill. kroner. I 2002 vart aksjane i BKK AS seld, og nye 90 mill. kroner vart tilført fondet. Fondet har ved utgangen av 2011 vakse til 232,5 mill. kroner.

Samstundes som fondet har vakse, har det år om anna vorte henta ut store summar som er nytta til å investera i linjebygging, breibandsutbygging, utdeling til almennyttige føremål m.v. Fondet har gjort det mogeleg å finansiera infrastrukturen utan å ta opp lån. Det er med å halde kostnadane våre nede, og gjer dermed også kundane lågare tariffar enn ein ville fått dersom vi måtte ta opp lån til utbygginga.