Hjelp til næringsliv og bustadbygging gjennom eigarskap i Fusa Utviklingsselskap, utdeling av såkornmidler m.v.

Fusa Kraftlag SA eig 49% av aksjane i Fusa Utviklingsselskap AS og Fusa kommune eig 51%.

Utviklingsselskapet skal leggja til rette tomteland for bustad- og næringsutbygging i Fusa kommune. Selskapet kan og byggja ut bustader/næringsbygg for eigen rekning, dersom det er hensiktmessig. I tillegg skal selskapet hjelpa i gang ny næringsverksemd gjennom rådgjeving og konsulentarbeid.

For å gjera terskelen låg for å starta opp ny næringsverksemd i Fusa, har Fusa Kraftlag også etablert eit såkornfond. Dei som ønskjer å starta opp ny verksemd/utvikla eksisterande verksemd, kan søkja om tilskott og/eller gunstige lån. Vi har sett at samspelet mellom Fusa Utviklingsselskap og vårt såkornfond har vore svært fruktbart, og har resultert i etablering av fleire nye verksemder.

Hjelp til næringsliv og bustadbygging gjennom eigarskap i Fusa Utviklingsselskap, utdeling av såkornmidler m.v.

 

 

Publisert