Ungdomsstipend

Styret i Fusa Kraftlag SA har vedteke å dela ut ungdomsstipend til ungdom heimehøyrande i Fusa kommune. Stipenda kan delast ut til ungdom i alderen 16–30 år som har utmerka seg på eit høgt nivå innan idrett eller kultur. Stipenda skal stimulera til vidareutvikling.

Fusa Kraftlag SA kan årleg dela ut inntil 4 ungdomsstipend à kr. 25.000,-. Tildelinga vert gjort ein gong pr år, på hausten. Dette blir annonsert i lokalpressa og på heimesidene til kraftlaget.

Dersom nemda for tildeling meinar at ingen av søknadane stettar krava, fell tildeliga bort det året.

Ein person kan ikkje motta ungdomsstipendet meir enn ein gong.

Kven kan søke?

  • Søkjaren må vera heimehøyrande i Fusa kommune.

  • Søkjaren må vera mellom 16-30 år.

  • Søknaden må innehalde opplysningar om oppnådde resultat til no, og kva planar du har for bruk av stipendet.

 Slik søkjer du

Fyll ut skjemaet og last opp din fullstendige søknad som vedlegg.

Søknadsskjemaet vert publisert på seinsommeren/hausten kvart år.

 

Søknadsfrist for 2017 var 15. september