Framsida

Nettavdeling

Nettavdelinga består av 11 årsverk.

Avdelinga har ansvar for opprusting, nybyggjing, drift og vedlikehald av fordelingsnettet.

 

Innmating til Fusa Kraftlag er på 66 kV linje frå Sunnhordland Kraftlag AS, med transformering til 22. kV fordelt på fire transformatorstasjonar, Stussvik, Sævareid, Eikelandsosen og Fusa.

Transformatorstasjonane er også samankopla på 22 kV nivå, slik at om ein transformatorstasjon fell ut kan ein forsyna denne via 22 kV nettet.

I tillegg til dette er det ein kraftstasjon i Eikelandsosen på 30MW med ein normalproduksjon på ca. 60 GWh, Sunnhordland Kraftlag AS eig og driv kraftstasjonen.

 

Kraftsystemet i Fusa er bygt opp med 22 kV kabel- og luftnett med ei totallengde på 173,0 km fordelt på 208 nettstasjonar.

Nettet i Fusa har derfor ingen spesielle flaskehalser, og nettet har dermed  tilfredsstillende kapasitet i normal driftssituasjon. Det er heller ingen kapasitetsproblem knytt til transformering i transformatorstasjonane.

Nettet i Fusa har i dei seinare år vore gjennom ei vesentleg opprusting, og har difor hatt ein del varsla avbrot knytt til dette arbeidet, det er også planlgt re-investeringar i åra som kjem. Nettet si utforming og tilstand er likevel no så bra at leveringskvaliteten kan reknast for å vere god.

 
 
 
  Tilbake

 
Aktuelt
29.12.2011
Innføring av elsertifikat i Norge
Regjeringa har bestemt at det frå 1/1-2012 skal  innførast elsertifikat i den norske kraftmarknaden.
Hensikten med å innføra ordninga, er å gjera det meir lønnsomt å byggja ut ny, fornybar kraft, ved at nye kraftanlegg får selja sertifikat som kan gje ei høgare inntekt på den nye produksjonen. Kraftdistributørane blir samtidig pålagt å kjøpa slike sertifikat for sin leveranse  til sluttbrukarane. Kostnaden som distributøren har til å kjøpa inn elsertifikat,  skal takast  inn igjen hos sluttbrukaren. Kostnaden med elsertifikat blir derfor ein del av kraftprisen frå 1/1-2012.
Linkar
Fusa-kraftlag - Stallabrotvegen 119 - 5640  Eikelandsosen  Telefon: 56 58 00 20  Faks: 56 58 00 21
Dynamiske websider: iDrift AS   Design: Ibox AS