Framsida

Litt om Fusa Kraftlag

Klikk på bilete for full storleik
 

Fusa krafltag vart skipa som eit partslag 23. mars 1946 under namnet Strandvik, Fusa & Hålandsdalen Kraftlag, for å skaffa straum til folk og næringsliv i dei tre dåverande kommunane i distriktet. Då kommunane gjekk saman i 1964, fekk laget sitt noverande namn.

 

Parteigarane i Fusa Kraftlag vedtok i april 2010 at laget skal gå over frå partslag til eit allmennyttig samvirkeføretak. Laget har alltid vore eit samvirke, men selskapform og vedtekter er no tilpassa den nye samvirklova. Det offisielle namnet er Fusa Kraftlag SA.

 

Kraftlaget med sine 23 tilsette, har sitt administrasjons- og lagerbygg på Stallabrotet i Eikelandsosen.

 

Fusa Kraftlag er eit fordelingslag som har Fusa kommune som sitt konsesjonsområde. Laget eig og driv eit fordelingsnett med ei samla linjelengde på ca. 580 km., fordelt på 174 km. høgspent, 406 km. lågdpent, og vi har 211 nettstasjonar plassert rundt om i kommunen.

 
 

Kart

 
 
Vedtekter - Fusa Kraftlag
 
 
  Tilbake

 
Aktuelt
29.12.2011
Innføring av elsertifikat i Norge
Regjeringa har bestemt at det frå 1/1-2012 skal  innførast elsertifikat i den norske kraftmarknaden.
Hensikten med å innføra ordninga, er å gjera det meir lønnsomt å byggja ut ny, fornybar kraft, ved at nye kraftanlegg får selja sertifikat som kan gje ei høgare inntekt på den nye produksjonen. Kraftdistributørane blir samtidig pålagt å kjøpa slike sertifikat for sin leveranse  til sluttbrukarane. Kostnaden som distributøren har til å kjøpa inn elsertifikat,  skal takast  inn igjen hos sluttbrukaren. Kostnaden med elsertifikat blir derfor ein del av kraftprisen frå 1/1-2012.
Linkar
Fusa-kraftlag - Stallabrotvegen 119 - 5640  Eikelandsosen  Telefon: 56 58 00 20  Faks: 56 58 00 21
Dynamiske websider: iDrift AS   Design: Ibox AS