Framsida

Samfunnsutvikling

Fusa Kraftlag si primæroppgåve er å levera straum til næring og private kundar i Fusa kommune. Stabile leveransar til rett pris ligg øvst på  prioriteringslista. Vi har difor fornya og forsterka straumnettet monaleg dei seinare år.

Vi har også sett kor viktig god datakommunikasjon er for at næringslivet skal vera konkurransedyktig, og at det skal vera attraktivt å bu i Fusa kommune. Vi har difor gjort store investeringar for å kunne tilby effektive breibandstenester i heile kommunen.

 

Solid økonomi opparbeidd gjennom eigarskap i Sunnhordland Kraftlag og forvaltning av pengane Fusa Kraftlag mottok ved salg av SKL-aksjane, har sett oss i stand til å ta ein nøkkelrolle i utviklinga av Fusa-samfunnet også på andre område.

 

Det er brei oppslutnad på kraftlaget sine årsmøte om at Fusa Kraftlag skal nytta deler av avkastinga frå kapitalfondet til ålmennyttige tiltak til beste for innbyggjarane i Fusa kommune.

Ramma for denne delen av verksemda vert lagt fram på laget sine årsmøter, der det er høve for laget sine medlemmer å påverka satsinga på ålmennyttige tiltak. 

 

Fusa Kraftlag si støtte til ålmennyttige føremål kan inndelast i følgjande hovedpunkt:

  • Direkte tilskot til lag, organisasjonar, toppidrettsutøvarar m.v.
  • Tilskot til og forskottering av kommunale og sentrale løyvingar til idrettsanlegg.
  • Forskottering av midlar til vegbygging – riks- og fylkesvegar.
  • Hjelp til næringsliv og bustadbygging gjennom eigarskap i Fusa utviklingsselskap, utdeling av såkornmidlar m.v.

 

Kapitalfondet – grunnlaget for å delta i samfunnsutviklinga

Fondet vart oppretta etter salget av SKL-aksjane i 1996. Grunnkapitalen var ved starten 71 mill. kroner. I 2002 vart aksjane i BKK seld, og nye 90 mill. kroner vart tilført fondet.

Fondet var ved utgangen av 2007 vakse til 256 mill. kroner.

Samstundes som fondet har vakse, har det år om anna vorte henta ut store summar som er nytta til å investera i linjebygging, breibandsutbygging, utdeling til ålmennyttige føremål m.v.

Fondet har gjort det mogeleg å finansiera infrastrukturen utan å ta opp lån. Det er med å halde kostnadane våre nede, og gjer dermed også kundane lågare tariffar enn ein ville fått dersom vi måtte ta opp lån til utbygginga.

 
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Aktuelt
29.12.2011
Innføring av elsertifikat i Norge
Regjeringa har bestemt at det frå 1/1-2012 skal  innførast elsertifikat i den norske kraftmarknaden.
Hensikten med å innføra ordninga, er å gjera det meir lønnsomt å byggja ut ny, fornybar kraft, ved at nye kraftanlegg får selja sertifikat som kan gje ei høgare inntekt på den nye produksjonen. Kraftdistributørane blir samtidig pålagt å kjøpa slike sertifikat for sin leveranse  til sluttbrukarane. Kostnaden som distributøren har til å kjøpa inn elsertifikat,  skal takast  inn igjen hos sluttbrukaren. Kostnaden med elsertifikat blir derfor ein del av kraftprisen frå 1/1-2012.
Linkar
Fusa-kraftlag - Stallabrotvegen 119 - 5640  Eikelandsosen  Telefon: 56 58 00 20  Faks: 56 58 00 21
Dynamiske websider: iDrift AS   Design: Ibox AS