Framsida

SAMARBEID OM SMÅKRAFT I FUSA

Samarbeid med SKL

 

Fusa Kraftlag har inngått ein samarbeidsavtale med Sunnhordland Kraftlag om utnytting av småkraftpotensialet i Fusa Kommune og tilgrensande kommunar. Avtalen gjer oss til likeverdige partar i utbygginga av småkraft. Når vi har inngått avtale om leige av fallrettar  med grunneigarar, vert det oppretta eit eige selskap for utbygging av kvar enkelt prosjekt. Desse selskapa eig vi på 50/50 basis.

SKL stiller i samarbeidet med sin tekniske ekspertise og lange erfaring i kraftverksbygging. Fusa Kraftlag stiller med lokalkunnskap og leverer administrative tenester. Over tid vil vi også kunna byggja ut driftskompetanse for småkraftverk.

Vi har  inngått avtale om fallrettsleige for 3 vassdrag i Fusa og 1 i Samnanger og fleire er under planlegging. Eit anlegg er under utbygging.

 
 
Erling Syvertsen, Erlend Ekeberg og Torfinn Kolle
 

Utbyggingspotensialet i Fusa kommune

 

I følgje ein ressursoversikt frå NVE er det 30 potensielle småkraftprosjekt som kan byggjast ut til ein kostnad på inntil 3 kr. kWh i Fusa kommune. Samla produksjonskapasietet for desse er kalkulert til 165 GWh. Det er også mange prosjekt med høgare utbyggingskostnader, men eno verkar ikkje desse så interessante.

To kraftverk med forventa produksjon på 27 GWh er under bygging, det eine med Fusa Kraftlag som hovudeigar (majoritetseigar).

Fusa Kraftlag har sett på 7 prosjekt med sansynleg installasjon på 1 MW eller meir, og som vi ønskjer å arbeide viare med. Desse vil ha ein produksjon på 72 GWh.

Innsatsen vil i denne fasen vera retta mot dei største prosjekta, men vi har også starta arbeid med prosjekt under 1 MW. Prosjekt i denne størrelse vil eventuelt bli utbygd i regi av Fusa Kraftlag. 

 
 

Aktuelle sider:

NVE

Småkraftforeninga

Sunnhordland Kraftlag AS

Veileder i planlegging, bygging og drift av små kraftverk

 
 
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Aktuelt
29.12.2011
Innføring av elsertifikat i Norge
Regjeringa har bestemt at det frå 1/1-2012 skal  innførast elsertifikat i den norske kraftmarknaden.
Hensikten med å innføra ordninga, er å gjera det meir lønnsomt å byggja ut ny, fornybar kraft, ved at nye kraftanlegg får selja sertifikat som kan gje ei høgare inntekt på den nye produksjonen. Kraftdistributørane blir samtidig pålagt å kjøpa slike sertifikat for sin leveranse  til sluttbrukarane. Kostnaden som distributøren har til å kjøpa inn elsertifikat,  skal takast  inn igjen hos sluttbrukaren. Kostnaden med elsertifikat blir derfor ein del av kraftprisen frå 1/1-2012.
Linkar
Fusa-kraftlag - Stallabrotvegen 119 - 5640  Eikelandsosen  Telefon: 56 58 00 20  Faks: 56 58 00 21
Dynamiske websider: iDrift AS   Design: Ibox AS