Bratthus kraftverk AS

Bratthus kraftverk AS

Bratthuselva ligg på Bratthus i Øvre Hålandsdal i Fusa kommune.
Bratthus Kraftverk utnyttar fallet i Bratthuselva mellom inntakt kote 252
og kraftstasjon på kote 62.

TEKNISK INFORMASJON
 Nedbørsfelt1,65 km2 
 Minstevassføring Sommar: 10 l/s
  Vinter:       6 l/s
 Inntakskote 252 moh
 Kraftstasjonskote 62 moh
 Fallhøgde 190 
 Produksjon 2 GWh
 Tilsvarer ca. 100 bustader
 Produksjonsstart 7. mai 2012
Bratthus kraftverk AS

 

Bratthus Kraftverk AS er eit samarbeid mellom Fusa Kraftlag SA(59,5%), Heidal Holding AS (24,5%) og grunneigarar (16%).

 

Anlegget vart bygd ved hjelp av taubane og spesialgravemaskin (Menzi Munek). Arbeidet vart utført av Heidal Grunn og Betong AS, Hordaland Rørteknikk AS og H. Ådland AS.

Også ved inntaket er det nytta nyutvikla teknologi. Heidal Inntaket er utvikla av Heidal Grunn & Betong AS. Inntaket er eit automatisert inntakssystem med sjølvrensande eigenskaper.

 

Litt historie
Det er ikkje første gangen Bratthuselva er nytta til å produsera kraft. Det har tidlegare vore kraftverk i elva for produksjon av kraft til ein verkstad som dreiv med skaftproduksjon. 

Bratthus kraftverk ASRestar av den gamle raøyrgata.
Bratthus kraftverk ASVinsjing av røyr med taubane
Bratthus kraftverk ASArbeid med røyrgata
Bratthus kraftverk ASArbeid med innaket