Kundemagasinet Vår Energi

Derfor aukar straumprisane

Når straumprisane blir høgare, skuldast det vêret i Noreg, men også forhold i dei nordiske nabolanda og resten av Europa.

Kundemagasinet Vår Energi finn du i postkassa di i veke 47. Der kan du mellom anna lese at det knusktørre vêret førte til skyhøge straumprisar i sommar. Kraftprodusentane held seg til vêrmeldingane, og kunne derfor ikkje vere budde på den kommande situasjonen då dei i starten av 2018 eksporterte 30 prosent meir straum enn i same periode i 2017.

Vidare kan du lese om korleis straumrekninga er sett saman. Meir enn 40 prosent av straum- og nettrekninga er avgifter til staten.

Ta deg også tid til å lese om useriøse straumseljarar, slik at du slepp å bli lurt av villeiande marknadsføring. I tillegg kan du lære effektive sparetriks og korleis du kan få støtte til solpanel på hytta.

Som vanleg utfordrar vi deg både med premiekryssord og premiekonkurranse. Premien er ein DAB-radio.

Trykk på biletet for å bla i magasinet

Bodil Tvedt