Bli medlem i Kraftlaget, det løner seg!

Fusa Kraftlag er organisert som eit samvirke (SA). Ei førsetnad for eit slikt selskap er at det er handel mellom medlemet og laget. Alle personar som er fastbuande, eller organisasjonar med forretningsadresse i Fusa Kraftlag sitt forsyningsområde, og som kjøper varer eller tenester frå laget, kan vera medlem.
Som medlem i samvirket får du rett til å ta del i styringa av selskapet og du får rett til kjøpeutbytte i høve til din handel med laget.


Korleis bli medlem?

Dei som var parteigarar etter dei gamle vedtektene er gått over til å vera medlemer i laget og treng ikkje å melda seg inn på nytt. Men nye nettkundar som kjem til, og som stettar krava til medlemsskap, må søkja om å bli medlem. ved innmelding skal det betalast eit medlemsinnskot på kr. 200,- som vert tilbakebetalt ved evt. utmelding.

Ønskjer du å bli medlem, send inn søknadsskjema.

Ønskjer du å få vita meir om reglar for medlemskap, og dei rettar og plikter som følgjer med, finn du dette i selskapet sine vedtekter.

- eller du kan finna lova som er grunnlaget for våre vedtekter: Samvirkelova


Kjøpsutbytte 2018

Årsmøtet vedtok at det skulle bli betalt ut kjøpsutbyte til medlemene. Det vart avsett 2 millioner kroner. Medlemene fekk utbetalt kjøpsutbyte med grunnlag av all handel med Fusa Kraftlag SA i løpet av 2017.

For kundar som handla både kraft, nett og breiband vart summen i gjennomsnitt ca. kr. 2.000,- i kjøpsutbytte.

Styret har etter råd frå juridisk hald konkludert med at kjøpsutbyte for medlemene er skattepliktig. Som tidlegare opplyst må det einskilde medlem sjølv innrapportere beløpet til skattemyndigheitane.


Gamle partar

Frå 01.01.2011 gjekk Fusa Kraftlag over frå å vera eit samvirkelag. Føretaksnamnet er Fusa Kraftlag SA. Samstundes vedtok årsmøtet å endra vedtektene, slik at dei no stettar krava i samvirkelova

Overgang frå partar til medlemskap

Fusa Kraftlag er i gang med å gjennomføra årsmøtet sitt vedtak, og vi vil gjera dette på følgjande møte: 

  1. Parteigarar med aktivt kundetilhøve
    Alle parteigarar som vi har registrert i vårt kunderegister vil få verdien av eksisterande partar overtført til ein medlemskapitalkonto. Alle aktive medlemmer vil motta eit brev som inneheld stadfesting på medlemsskapet og summen som er overført til medlemskapitalkontoen.
    Dersom ein ikkje ønskjer medlemskap, kan ein be om å få partane innløyste ved å fylla ut skjema om innløysing av partar.

  2. Parteigarar som ikkje stettar krav til medlemskap
    Partar registrert på personar som ikkje lenger er kunde hos Fusa Kraftlag SA
    Partar registrert på personar som ikkje har bustadadresse i Fusa kommune
    Partar registrert på personar som er avlidne.
    Vil kunne løysast inn mot gyldig dokumentasjon. Saman med gyldig dokumentasjon for at de er rett eigar av partbrev som ikkje lyder på dykkar eige namn, er det ønskjeleg at originalpartbrevet også vert sendt inn. Dei som ber om det, kan få oprginalpartbrevet attende påstempla at det er innløyst.
    I tillegg må skjema for innløysing av partar fyllast ut.

  3. Kundar som ikkje er partseigarar
    Kundar som stettar krava i §4 i vedtektene, vil få tilbod om å teikna medlemskap.
    Du finn meir informasjon og søknadsskjema her på vår heimeside, eller du kan ta kontakt på telefon 56580020.

Krav til dokumentasjon

Person som har partbrev som ikkje lyder på eige namn må dokumentera at han/ho er rett eigar av partbrevet for å få utbetalt innløysingssummen. Dersom partbrevet er arva vert det kravd skifteattest som viser at den som har partbrevet er den som står for skifte etter parteigaren, eller som har arva partbrevet.
Dersom ikkje slik dokumentasjon ligg føre, krev ein fullmakt frå alle arvingar.
Den som har overteke buet uskifta eller den parteigaren som partbrevet er utskrive til, må dokumentere dette med uskifteattest.

Vi oppmodar alle som vil løyse inn partbrev som ikkje lyder på eige namn om å skaffe godkjent dokumentasjon og leggja dette ved søknaden.

Personar som har problem med å kunne dokumentere eigarskapet til eit partbrev, vert også oppmoda til å ta kontakt med  oss.

Søknader utan tilfredstillande opplysningar eller vedlegg vert returnert.

Dersom det ikkje kan leggast fram annan fullgod dokumentasjon som er rettsleg haldbar for eigarskapet til partbrevet, vet ikkje partbrevet innløyst.
Partbrev som ikkje vert løyste inn på grunn av uklåre eigartilhøve eller manglande eigardokumentasjon, vil kunne løysast inn seinare dersom naudsynt dokumentasjon vert skaffa fram.


Etterlyser eigarar av "gamle partar"

Frå 01.01.2011 gjekk Fusa Kraftlag over frå å vera eit partlag til eit samvirkelag. Årsmøtet vedtok å endra vedtektene frå same dato, slik at dei stettar krava i samvirkelova.

I samband med dette er partsinnskott sett inn på ein medlemskapitalkonto som er oppretta for dei som tilfredsstiller kravet til å vera medlem.

Vi set no att med ein heil del partar der vi ikkje kan identifisera rett eigar, dette gjeld:

  • Partar registrert på person som ikkje lenger er kunde hos Fusa Kraftlag SA.

  • Partar registrert på person som ikkje har bustadadresse i Fusa kommune.

  • Partar registrert på person som er død.

Vi ber om at arvingar/eigarar av slike partar tek kontakt med kraftlaget for å avklare evt. medlemsskap etter dei nye vedtektene.
Er ein i tvil, ta kontakt med oss for å få opplyst kva partar som står med ukjent eigar.

Krav om eigarskap til partar må meldast til Fusa Kraftlag SA innan 20.05.2013.

Bernt Grimstvedt
Styreleiar


Søknad om medlemskap

Eg stadfester å ha gjort meg kjend med medlemsrettar og plikter og søkjer med dette om medlemskap.: *