Forskottering

Forskottering av midlar til vegbygging - riks- og fylkesvegar

VegpningWeb.jpg

God kommunikasjon er ein vesentleg føresetnad for utvikling av næringsliv og busetjing.

Køen av vegprosjekt som ein ønskjer vert gjennomført, er langt større enn tilgjengelege midlar. Myndigheitene har opna opp for samarbeid med andre om finansieringa av enkeltprosjekt. Gjennom forskotteingsordninga har vi difor kunna påverka prioriteringa for både riks- og fylkesvegar. Her har Fusa Kraftlag SA ein nøkkelrolle som ein av dei største bidragsyterane til forskottering av vegar i kommunen.

Det er to vegstrekningar, Riksveg 48 frå Samnanger til Kvam og fylkesveg 122 Fusa - Strandvik vi har konsentrert oss om.
Første forskottering til RV 48 i 2000, omhandlar parsellar heilt i sør, på grensa til Kvam. Sidan er det forskottert 55 mill. kroner til Holmefjord parsellen og 55 mill. kroner til Moshovdatunnellen. Arbeidet med Tysse-tunellen er godt i gang, og her har kraftlaget forskottert 30 mill. kroner.
Også på FV 122 er forskotteringa gjort parsell for parsell. No gjennstår kun parsellen frå Fusa til Skåte og når denne parsellen er fullført vil det være god vegstandard frå Fusa til Strandvik. Samla har Fusa Kraftlag SA løyvt 28,5 mill. kroner til forskottering av fylkesveg 122.

Alt i alt har Fusa Kraftlag løyvt 173,7 mill. kroner som forskottering til vegar. Dette er eit stort løft, som årleg kostar mange millionar kroner i renter. Vi har tru på at det er vel anvendte pangar, som bidreg til den utviklinga av lokalsammfunnet som medlemmane i Fusa Kraftlag SA har sagt dei ønskjer vi skal delta i.

Tilskot til og forskottering av kommunale og sentrale løyvingar til idrettsanlegg.

BygdastlenWeb.jpg

Ved utbygging av nye anlegg for idrett og kultur, er tilskot frå tippemidlar ein viktig finansieringskjelde. Det kan ta fleire år frå ein sende søknad om støtte/vert tildelt støtte, til pengane vert utbetalt. Fusa Kraftlag SA har i slike høve gått inn og forskottert tippemidlane.

Gjennom denne forskotteringa har det vore mogeleg å byggja ut anlegga langt tidlegare enn om om ein skulle venta i køen. Med trange kommunale rammer for bygging av idrettsanlegg, har det vore vanskeleg for Fusa kommune å følgja opp med midlar i høve til mange gode prosjekt.
Også her har kraftlaget gått inn og forskottert kommunen sine anleggstilskot etter at kommunen har gjort vedtak om at tiltaket vil få kommunal støtte.

I enkelte tilfelle der forskottering av tippemidlar og kommunale løyvingar ikkje har vore tilstrekkeleg, har kraftlaget gått inn og gitt direkte tilskot til anlegga.

Gjennom denne forskotterings- og tilskottsordninga har kraftlaget i sterk grad vore med på realiseringa av dei fleste anlegg som har vorte bygd i Fusa kommune dei siste åra.

Prosjekt der Fusa Kraftlag SA har delteke er:

  1. Strandvik fleirbruksbane
  2. Rulleskibane på Holdhus
  3. Veg til bygdastølen skianlegg
  4. Bygdastølen skianlegg
  5. Fusa Ridehall
  6. Innandørs skytebane i Strandvik

Prosjekt under utvikling, der Fusa Kraftlag SA vil delta i realiseringa:

  1. Fleirbrukshall i Eikelandsosen