Tildelingar 2018

 
 
Skjermbilde 2019-04-16 kl. 23.09.25.png

Idar Rolland

Idar mottek i 2018 eit ungdomsstipend på kr. 25.000,- til utvikling av musikkinteressa, utgifter til instrument og til draumen om å gje ut eigen musikk.

Me ønskjer deg lykke til vidare og ser fram til å høyre meir frå deg i framtida!

Maria Åsmul

Maria Åsmul

Maria kan vise til gode resultat i volleyball- og sandvolleyballidretten og går no på Toppvolley Norge i Suldal kommune. Ho er med på U-17 landslaget både i volleyball og i sandvolleyball.

Maria mottek eit ungdomsstipend på kr. 25.000,- til vidare utvikling, kostnader knytt til reise, treningssamlingar og konkurransar. Me ønskjer deg lykke til vidare!


Trb.+bilde+1_.jpg

Linda Camilla Molina

Linda Camilla speler i hovedsak basstrombone og har ein draum om å spele i eit elitekorps. Ho har mange år med speling bak seg, frå korps både i og utanfor kommunen.

Ho vert tildelt eit ungdomsstipend på kr. 25.000,- som skal gå til kurs/individuelle timar hos ein høgt utdanna musiker. Me ønskjer deg lykke til med å nå draumen din!

Foto: John Vint

Eirik Åsmul.jpg

Eirik Åsmul

Eirik går i dag på Toppvolley Norge i Suldal kommune og kan vise til gode resultat innan både volleyball og strandvolleyball. Han er med på U-19 landslaget både i volleyball og i sandvolleyball.

Det er store kostnader knytt til reise, treningssamlingar og konkurransar og vert tildelt eit ungdomsstipend på kr. 25.000,- til vidare utvikling. Me ønskjer deg lykke til vidare!




Sponsormidlar 2018

 
IMG_2029_NedlastID88606686[1].JPG
  • Fusa Lions mottok kr. 5.000,- i støtte til konsert for personer med nedsett funksjonsevne

  • Eikelandsfjorden Idrettslag/Fusa sokneråd fekk kr. 5.000,- i støtte til Walk and Run

  • Vinnesfestivalen fekk kr. 10.000,- til diverse utgifter, pluss sponsa breiband

  • Ungdomslaget Samhald på Holmefjord fekk kr. 4.000,- til feiring av 100 års jubileum

Sponsoravtalar

  • Hålandsdalen Idrettslag - periode 2018 - 2020

  • Eikelandsosen Skulemusikklag - periode 2017 - 2019

  • Eikelandsfjorden Ungdomslag - periode 2018 - 2019

  • Strandvik IL - periode 2018 - 2020