Er du på jakt etter nye utfordringar innan kraft eller fiber? Fusa Kraftlag sine dotterselskap, Lysna og Strøyma, lyser ut fleire spanande stillingar som gjer deg moglegheita til å bli ein del av eit konsern med fokus på lokal verdiskapning!
Me ser etter dyktige medarbeidarar til følgjande stillingar:
Fibermontør – Strøyma
Vil du vere med å levere lynrask fiber til våre kundar? Som fibermontør hos Strøyma vil du vere ein del av eit team som jobbar med installasjon, drift og vedlikehald av fiber.
Driftsleiar – Lysna
Lysna søkjer ein engasjert og dyktig driftsleiar som vil få ansvar for sikker og påliteleg drift av straumnettet vårt. Perfekt for deg som ønskjer ei leiande rolle i eit selskap med fokus på tryggleik og kvalitet.Energimontør – Lysna
Har du erfaring innan montasje og vedlikehald av energianlegg? Lysna ser etter ein dyktig energimontør som vil vere med å sikre straumforsyninga til våre kundar.
Om Lysna og Strøyma
Lysna og Strøyma er dotterselskap av Fusa Kraftlag. Lysna eig, driftar og vedlikeheld straumnettet i tidlegare Fusa kommune, medan Strøyma tilbyr straum og fiber. Begge selskapa har eit sterkt fokus på kvalitet og lokalt engasjement.
Bli ein del av laget!
Klikk på lenkjene for å lese meir om stillingane og sende inn din søknad. Me gler oss til å høyra frå deg!