Samarbeid om småkraft i Fusa

Samarbeid med SKL Produksjon AS

Fusa Kraftlag SA har inngått ein samarbeidsavtale med SKL Produksjon AS om utnytting av småkraftpotensialet i Fusa kommune og tilgrensande kommunar. Avtalen gjer oss til likeverdige partar i utbygginga av småkraft. Når vi har inngått avtale om leige av fallrettar med grunneigarar, vert det oppretta eit eige selskap for utbygging av kvart enkelt prosjekt. Desse selskapa eig i på 50/50 basis. SKL Produksjon AS stiller med sin tekniske ekspertise og lange erfaring i kraftutbygging, og Fusa Kraftlag stiller med lokalkunnskap og leverer administrative tenester. Over tid vil vi også kunna byggja ut driftskompetanse for småkraftverk.

SKL Produksjon AS deltek ikkje ved bygging av småkraftverk under 1 MW.