Vår Energi - Haust 2019

Krev utjamning av nettleiga

Nettleiga varierer med fleire tusen kroner i året mellom by og land. No forventar 60 av landets nettselskap at regjeringa innfører tiltak for å jamne ut skilnadene.

Dette kan du lese meir om i haustens utgåve av Vår Energi, som blir distribuert til kundane i veke 47.

I magasinet kan du også lese om korleis lokale kraftselskap skaper milliardverdiar kvart år. Og at sju kraftselskap i Nord-Troms og Finnmark ønskjer å bygge 25 hurtigladestasjonar i samarbeid med Fortum.

Kva betyr det at nettselskapa har nøytralitets- og informasjonsplikt? Vår Energi presenterer dei viktigaste punkta for kundane. I tillegg gir vi gode tips til korleis ein kan spare straum og unngå brann.

Magasinet byr som vanleg på premiekryssord og premiekonkurranse. Premien er ein DAB-radio.