Jubileumsfest

I 80 år har Fusa Kraftlag vore ein del av lokalsamfunnet! Dette vil me feira med ein stor jubileumsfest for alle!

Sundag 27. september inviterer me til jubileumsfest ved Fjord'n Senter. Det blir aktivitetar, konkurransar og underhaldning for både små og store. Bjørnis kjem på besøk, og Synne Vo held konsert for oss! Det blir òg noko godt å bita i: Me serverer kaffi og kake, og ute blir det sal av grillmat tilreidd av Fusa VGS.

Scenen står ute, og delar av programmet og aktivitetane vil gå føre seg utandørs. Kle dykk etter vêret og bli med på festen!

Inne på senteret blir det òg mykje kjekt å finna på, med leik og aktivitetar, mingling og mimring. I tillegg held fleire av butikkane på senteret søndagsope denne dagen.

Festen startar kl. 12.00, alle er velkomne og festen er sjølvsagt gratis! Sjå detaljert program under.

Bli med og feira 80 år med lokal kraft saman med oss!

Velkomne!

Program