Jubileums-postkasse
Kraftlaget ønskjer å støtta tiltak som skapar aktivitet, trivsel og utvikling i lokalsamfunnet. I høve 80-årsjubileet, blir det i år delt ut totalt 80 000 kroner fordelt på 8 vinnarar à 10 000 kroner. Dette kjem i tillegg til utdeling av ungdomsstipend og allmennyttige midlar.
Kven kan nominerast?
Frivillige lag og organisasjonar.
Velforeningar.
Skuleklassar, FAU og ungdomsgrupper.
Andre lokale fellesskap eller grupper som arbeidar for eit allmennyttig føremål.
Vilkår for nominasjon:
Laget /organisasjonen må vera registrert eller ha tilknyting til kraftlagets forsyningsområde/lokalområde.
Støtta må nyttast til eit tiltak som kjem fleire til gode.
Kven kan ikkje nominerast?
Politiske parti eller politiske kampanjar.
Kommersielle verksemder med profitt som hovudføremål.
Privatpersonar.
Korleis nominera?
Finn ein jubileumspostkasse nær deg.
Skriv ditt namn, namn på laget/organisasjonen og gjerne kvifor du meinar nettopp desse fortener å vinna.
Legg lappen i postkassa, og du har nominert laget/organisasjonen.