Profileringsmateriell
Design er ein essensiell del av Fusa kraftlag sin profil, og vår grafiske profil gjev folk eit tydeleg bilete av kven me er. Ein sterk og heilskapeleg identitet er difor viktig for Fusa kraftlag.
Me set pris på alle som bidreg til å profilera vår logo, men me har nokre krav for å sikra at dette samsvara med vår grafiske profil.
Krav til bruk av logo
Logo skal plasserast på ein roleg bakgrunn
Dersom logoen står på mørk bakgrunn skal logo med lys skrift brukast
Når Fusa kraftlag sin logo står saman med andre logoar skal det vera luft mellom logoane. Minste avstand definerast som halvparten av logoelementas form.
Ikkje forskyv forholdet mellom høgde og bredde på logo.
Logo skal berre brukast i samråd med Fusa Kraftlag, og skal bli brukt på ein respektabel måte.