Samfunnsutvikling

Fusa Kraftlag si primæroppgåve er å levera straum til næring og private kundar i Fusa kommune. Stabile leveransar til rett pris ligg øvst på prioriteringslista. Me har difor fornya og forsterka straumnettet monaleg dei seinare år.

Me har også sett kor viktig god datakommunikasjon er for at næringslivet skal vera konkurransedyktig, og at det skal vera attraktivt å bu i Fusa-bygdene. Me har difor gjort store investeringar for å kunne tilby effektive breibandstenester i heile vårt område. Me er stolte over å kunna tilby moderne internettløysingar til innbyggjarane.

Solid økonomi opparbeidd gjennom eigarskap i Sunnhordland Kraftlag AS og forvaltning av pengane Fusa Kraftlag SA mottok ved salg av SKL-aksjane, har sett oss i stand til å ta ein nøkkelrolle i utviklinga av lokalsamfunnet også på andre område.

Det er brei oppslutnad på kraftlaget sine årsmøter om at Fusa Kraftlag SA skal nytta deler av avkastinga frå kapitalfondet til allmennyttige tiltak til beste for innbyggjarene. Ramma for denne delen av verksemda vert lagt fram på laget sine årsmøter, der det er høve for laget sine medlemmer å påverka satsinga på allmennyttige tiltak.

Fusa Kraftlag SA si støtte til allmennyttige føremål kan inndelast i følgjande hovudpunkt:

• Direkte tilskot til lag og organisasjonar.

• Stipend til talentfulle unge innan idrett og kultur.

• Tilskot til og forskottering av kommunale og sentrale løyvingar til idrettsanlegg.

• Forstottering av midlar til vegbygging, - riks- og fylkesvegar.

• Hjelp til å etablere bustadtomter gjennom eigarskap i Fusa Utviklingsselskap AS

• Bidrag til utvikling av næringslivet ved engasjement i Gründerpark og deltaking i ulike næringsarrangement

Kapitalfondet - grunnlaget for å delta i samfunnsutviklinga

Fondet vart oppretta etter salget av SKL-aksjane i 1996. Grunnkapitalen var ved starten 71 mill. kroner. I 2002 vart aksjane i BKK AS seld, og nye 90 mill. kroner vart tilført fondet.

Fondet har gjort det mogeleg å investera i infrastruktur som breibandsutbygging og linjebygging utan å ta opp lån. Det er med å halda kostandene våre ned, og gjer dermed kundane våre lågare tariffar enn det me kunne klara dersom me måtte ta opp lån for utbygging av infrastrukturen.