Bli medlem i Kraftlaget, det løner seg!

Visste du at som kunde hos Strøyma og Lysna kan få kjøpsutbytte frå Fusa kraftlag?


Fusa Kraftlag er organisert som eit samvirke (SA). Dette betyr at me er eigd av medlemma og har som formål å fremma medlemmanes interesser. Dersom du er fastbuande eller er organisasjon med forretningsadresse i Fusa kraftlag sitt konsesjonsområde, så kan du bli medlem dersom du er kunde hos Strøyma AS eller Lysna AS. Som medlem får du rett til å delta i styringa av selskapa og du vil ha rett til kjøpsutbytte etter all handel du gjer hos Strøyma og Lysna.

Korleis bli medlem?

Dersom du oppfyller krava til medlemsskap, kan du søkja om å bli medlem. Ved innmelding betalar du eit medlemsinnskot på kr. 200,- som vert tilbakebetalt ved evt. utmelding.

Ønskjer du å bli medlem, send inn søknadsskjema som du finn under.

Vil du veta meir om reglar for medlemskap, og dei rettar og plikter som følgjer med, finn du dette i selskapet sine vedtekter.

- eller du kan finna lova som er grunnlaget for våre vedtekter: Samvirkelova


Søknad om medlemskap