Allmennyttige formål

 

Årleg tildeler Fusa kraftlag midla til eit stort spekter av lag og organisasjonar. Utdelinga skal bidra til samhald, engasjement og glede i lokalsamfunnet.

 

Vilkår for utdelinga:

  • Eit frivillig lag eller ein organisasjon med organisasjonsnummer skal stå bak søknaden

  • Laget/organisasjonen må ha eit styre på minst tre personar

  • Laget/organisasjonen må vera open for alle. Avgrensing kan gjelda alder.

  • Laget/organisasjonen må ha tilknytning og aktivitet i gamle Fusa kommune, men me oppmodar dei som har aktivitet på begge sider av fjorden om å søkja.

  • Tiltak retta mot born og unge vil bli prioritert.

Tildeling av allmennyttige midla gjeld mindre prosjekt og drift av lag/organisasjonar.

Marknadsføring av midla

For Fusa kraftlaget er det av betydning å markera seg i lokalsamfunnet, og difor håpar me at lag og organisasjonar som mottek allmennyttige midla bidreg tilbake ved å synleggjera kraftlaget.

Dette kan mellom anna visast fram i sosiale medium, ha logoen til kraftlaget på eventuelle heimesider eller profilera kraftlaget ved hjelp av skilt, klistremerker eller plakater der me støttar prosjekt som bygg eller leikeplassar. Logoen vår kan og benyttast på reklame under arrangment eller me kan omtalast som samarbeidspartnar i reportasjar, klubbaviser, årsmeldingar, og så vidare.

Me hjelper gjerne med materiell eller anna til profilering.

Søknadsfrist 2023: 1. oktober

Søknadane vert handsama av eit eige utval, med representantar frå styret og administrasjonen. Tildelinga er vanlegvis klar innan november.

Takka vera våre kundar og verdiane me saman har skapt, har Fusa kraftlag dei siste 20 åra delt ut over 10 millioner kroner til lag og organisasjonar. Her kan du sjå tildelinga for 2023.