Bli med på jubileumsfest!
I år er det 80 år sidan Fusa Kraftlag vart stifta, og det skal sjølvsagt feirast!
Sundag 27. september inviterer me til stor jubileumsfest ved Fjord’n Senter, med eit innhaldsrikt program.
Det blir aktivitetar, konkurransar, utdeling av midlar og underhaldning for både små og store. Det blir sjølvsagt kake og kaffi, og sal av grillmat tilreia av Fusa VGS.
Detta blir ein dag der me feirar både historia vår og alle dei som er med på å skapa liv og aktivitet i bygdene våre.
Festen startar kl 12.00, alle er velkomne og festen er sjølvsagt GRATIS!
Velkomne!
Sjå heile programmet og les meir om jubileumsfesten her:
https://www.fusa-kraftlag.no/jubileumsfest