Fusa Kraftlag SA delar ut 3 millionar kroner i utbytte til medlemmar
Fusa Kraftlag SA er organisert som eit samvirke – eigd av våre medlemmar. Når me går med overskot, kan det fordelast tilbake til medlemmane i form av kjøpsutbytte. Utbyttet byggjer på all handel medlemmane har gjort med Strøyma og Lysna gjennom året. For året 2024 har årsmøte vedteke å dela ut 3 millionar kroner til medlemmane.
– Det er kjekt å kunna gje noko tilbake til dei som er ein del av fellesskapet vårt. Me er stolte over å vera eit lokalt eigd samvirke, der kundane òg er eigarar, seier dagleg leiar i Fusa Kraftlag SA, Tove Hjartnes Fosså.
Er du fastbuande eller har organisasjon med forretningsadresse i tidlegare Fusa kommune, kan du søkja om medlemskap på Fusa Kraftlag sine heimesider. Som medlem får du påverknad i kraftlaget og tar del i verdiane me skapar saman.
Fusa Kraftlag SA har tru på det lokale, og på krafta i å løfte i lag. Difor er dette ein fin måte å synleggjera det fellesskapet me står i – både som kraftlag og som lokalsamfunn.
Helsing,
Fusa Kraftlag SA