Takk for alle søknader!
Fusa Kraftlag har no motteke søknader til både allmennyttige midlar og ungdomsstipend. Me set stor pris på engasjementet og alle dei gode initiativa som har kome inn.
Alle søkjarar vil få ein tilbakemelding på søknaden sin. Tildeling av midlar og stipend vil skje seinare i haust.
Me takkar alle som har søkt, og ser fram til å støtte ungdom og tiltak som bidreg til eit aktivt og levande lokalsamfunn.