Kapitalfondet - grunnlaget for å delta i samfunnsutviklinga

 

I 1996 solgte Fusa kraftlag sine aksjar i Sunnhordland kraftlag AS. Kapitalfondet blei då oppretta med ein grunnkapital på 71 mill. kroner. I 2002 vart aksjane i BKK AS seld, og nye 90 mill. kroner vart tilført fondet. Dette har sett oss i stand til å ta ei nøkkelrolle i utviklinga av lokalsamfunnet, utover våre primæroppgåver.

Det er brei oppslutnad på kraftlaget sine årsmøter om at Fusa kraftlag SA skal nytta deler av avkastinga frå kapitalfondet til allmennyttige tiltak til beste for innbyggjarene. Ramma for denne delen av verksemda vert lagt fram på laget sine årsmøter, der det er høve for laget sine medlemmer å påverka satsinga på allmennyttige tiltak.

Bilete av “pålabilen” i 1962.

Fusa kraftlag SA si støtte til allmennyttige føremål kan inndelast i følgjande hovudpunkt:

• Direkte tilskot til lag og organisasjonar.

• Stipend til talentfulle unge innan idrett og kultur.

• Tilskot til og forskottering av kommunale og sentrale løyvingar til idrettsanlegg.

• Forskottering av midlar til vegbygging, - riks- og fylkesvegar.



Kvar haust kan lag og organisasjonar søkja om tilskot til mindre prosjekt og drift. I tillegg til dette er det mogleg å søkja om prosjektgåve til større prosjekt, forskotering og rentefrie lån gjennom heilet året.

Les meir om større prosjekt Fusa kraftlag SA har bidrege til dei siste åra.