Gjønaelva Kraftverk AS

Gjønaelva kraftverk fekk i oktober 2012 konsesjon til bygging av kraftverk. Gjønaelva tek til i området sør for Gjønakvitingen, og renn i sørvestleg retning mot Gjøn og Gjønavatnet. Kraftverket vil utnytta fallet mellom inntaket på kote 292 og kraftstasjonen på Gjøn på kote 56.

Nedre del av vannvegen vil bestå av nedgraven røyrgate, frå kote 177 og opp til inntak skal det lagast tunnell på Ø1200 mm, der nederste 150 m er fora med stålrøyr.

Utbygging av kraftverket er eit samarbeid mellom Fusa kraftlag SA 50,5 %, SKL AS 48,5 % og grunneigarane 1 %.

Utbygging av kraftverket tok til i november 2013 og er venta å starta opp med prøvedrift i mars 2015.

Teknisk informasjon